MOTIVERT: Hallvard Nessa er glad i sport og friluftsliv og tenkjer at det passar godt med profilen til KVS-Bygland. FOTO: PRIVAT

Tøff start for ny rektor

Hallvard Nessa blir ny rektor ved den ImF-eigde vidaregåande skulen KVS-Bygland.

– Det blir ei utfordring, men eg er veldig motivert, seier Nessa til Sambåndet.

Den lærarutdanna 28-åringen overtek leiinga av ein friskule som på teljedatoen 1. oktober hadde 59 elevar. Dette talet blir dermed utgangspunkt for berekning av den viktige statsstøtta for hausten. Det er to færre elevar enn ved skulestart i august og tre færre enn måltalet på 62 for å kunne driva i balanse.

– Eg er klar over at økonomien er utfordrande, og at ein heile tida jobbar med å få elevtalet opp, seier Nessa.

Sa opp

Sitjande rektor Steffen Røykenes sa opp stillinga si med verknad frå 1. september, men sa ja til å halda fram til 1. november når Hallvard Nessa tek over styringa. Etter det går Røykenes inn i eit vikariat fram til nyttår for inspektør Jon Gunnar Kjetså, som skal ha farspermisjon. Røykenes har i denne omgang vore tilsett ved skulen sidan 1. januar 2012 og tidlegare frå 2004 til 2007.

Det er informert om på skulen at Hallvard Nessa blir ny rektor, og han møtte dei tilsette på ein personaldag tidlegare i haust.

– For min eigen del opplevde eg det første møtet med dei tilsette som positivt, og at det var god stemning i personalet. Eg kjenner fleire av dei tilsette, seier Nessa.

Blei spurt

Hallvard Nessa er gift og har to barn. Kona, Janne, er frå Byglandsfjord der familien no bur. For tida jobbar han som forsamlingsarbeidar i Evje og Omegn ImF-forsamling i 50 prosent og i Intersport Evje 50 prosent. Før grunnskulelærarutdanninga gjekk han på Framnes kristne vidaregåande skule og på Fjellheim bibelskule.

Nessa stadfestar at han fekk spørsmål frå skulestyret om å ta på seg rektorjobben.

– Då me flytta til Byglandsfjord for om lag to år sidan, var skulen og ei mogleg rolle der, i tankane. Og då eg fekk spørsmålet, kjende eg at dette var noko som «trigga» meg. Eg har tru på internatskular og mogelegheitene som ligg der, òg til å få peika på Jesus, seier Nessa.

Økonomi

Den påtroppande rektoren seier han heile tida har vore ærleg på at økonomi er eit område han har lite erfaring med.

– Eg har fått signal på at eg kan få god støtte og vil mellom anna spela på lag med KVS-Lyngdal og byggja på erfaringane dei har. Me må vera konsekvent på kva me brukar av pengar, peikar Nessa på.

Hallvard Nessa seier han heller ikkje har mykje leiarerfaring å ta med seg inn i jobben som rektor.

– Men som person likar eg slike utfordringar. Eg trur eg kan få til ein god dialog både internt på skulen og i eit nettverk rundt skulen.

Når det gjeld å rekruttera fleire elevar til skulen, er den komande rektoren klar på kva som i alle fall må til:

– Den beste reklamen er at elevane sjølv er nøgde og kjenner at dei blir tekne vare på. Dessutan må skulen halda fram med god marknadsføring. Her gir naturen rundt store mogelegheiter, seier Hallvard Nessa.

Styreleiar

– Eg har stor tru på at dette blir veldig positivt, seier styreleiar for KVS-Bygland, Anne Margaret Timenes.

Forutan Nessas lærarutdanning viser ho til at den nye rektoren har erfaring frå noverende arbeid med å forhalda seg til menneske. Når det gjeld økonomistyring, peikar Timenes på at skulen har eit godt samarbeid med KVS-Lyngdal som dei òg vil formalisera ytterlegare. Nessa skal også delta på skuleledarkonferansen i regi av Kristne friskolers forbund og i andre nettverk.

– Eg var saman med Hallvard Nessa i eit møte med dei tilsette på skolen, og det var veldig positivt, seier Anna Margaret Timenes, som også oppmodar til forbøn for den nye rektoren.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.